Onsdag 23 Oktober
Kl. 18:00 - 21:00
Pårørandeskule
Pårørandeskule, et kurs for pårørande til personer med demens i Etne og Vindafjord

Arrangør: Etne- og Vindafjord kommune i samarbeid med Etne frivilligsentral og Nasjonalforeningen for folkehelse

Pårørandeskulens mål:

·Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdommar

  • Gje pårørande metodar for kommunikasjon og samhandling med personer med demens
  • Bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettar og aktuelle lover og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet
  • Tilby støtte gjennom å møta andre pårørande som er i same situasjon

På pårørendeskulen vektlegg me tryggleik, og fortrulege opplysingar som kjem fram skal verta verande hjå deltakarane. 

Kva er pårørandeskulen?

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom. Personen med demens kan bu i eigen heim eller på institusjon. Ved faglege forelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens og innsikt i kva følgjer sjukdommen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrige familie. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Kva inneheld kurset?

Kurset er lagt opp over 4 samlingar med følgjande tema:

  • Om demens og utredning
  • Kommunikasjon med personar med demens
  • Pårørandes opplevingar, eigenomsorg og ventesorg
  • Tenestetilbod i kommunane og velferdsteknologi 
  • Enkel innføring i framtidsfullmakt


Praktiske opplysingar:

Stad: Blir informert om i god tid før kursstart (Etne)

Første kurssamling: 23.10.2024

Varigheit: I alt 4 samlingar på følgjande datoar 

frå kl. 18.00 til 21.00

oktober

november

23.

30.

6.

13.


Påmelding: f.o.m. 01.08.24 t.o.m. 06.09.24

Merk, begrensa plassar

Kursavgift: kr. 300,- per deltakar (inkluderer kursmateriell og enkel servering) 


For påmelding eller fleire opplysingar, kontakt:

Namn: Solveig Kvamme

Telefon: 902 38 354  

E-post: Frivillig.etne@gmail.com

2024 © Etne frivilligsentral