SOMMARTUREN 2025
I år går turen til Moglegheitenes Røvær!
Det lille øysamfunnet Røvær ligg ein kort båttur frå Haugesund. Eit besøk dit er som ei reise tilbake i tid – til ei øy der kor vikingane og fiskaren ein gong heldt til.
Det er noko med dei lune vikane og nærleiken til dei gode fiskeplassane som har gjort at menneske, så langt tilbake som i steinalderen, har valt å busetja seg her!
Det er funne restar av buplassar frå Vikingtida på Røvær, og ein veit at under sildafisket på byrjinga av 1800-talet, kunne det vera stasjonert så mange som 20 000 fiskarar på Røvær. Dei har sett sine spor, alle saman.
Me skal besøkja Hiltahuset, som er Røværs eldste hus og museet på øya. Konstruksjonen tyder på at det er sett opp ca. 1820-1830. Det er sett saman av to eldre stover med gong og kjøkken i midten.
Me tek også turen innom Havbrukssenteret.
Havbruk er ei stor og viktig næring langs kysten vår, og på havbrukssenteret lærer du meir om moderne havbruk. Du blir også kjend med smådyr, sjøfugl og fisk som lever rundt Røvær.
Me avsluttar med ein god lunsj på Røvær Kulturhotell. Ei matoppleving skapt med lidenskap, lokale råvarer og smakane i sesongen.
Lunsjmeny: Komle frå Røvær
Dessert: RøvÆrfromasj
Pris pr. person kr. 650,-
Turen blir avlyst om det er mindre enn 45 personar påmeldt!
Arrangement er med tilskot frå ordninga «den kulturelle spaserstokken»
Fredag 27.06.2025
Avreise frå Etne Frivilligsentral kl. 09:00
Tilbake til Etne Frivilligsentral kl.16:00
Påmeldingsfrist: 01.06.2025
Innbetaling til konto: 3626.46.90409, merkast Sommartur 2025
Bindande påmelding:
Solveig Tlf: 90 23 83 54
Mail: frivillig.etne@gmail.com