Arrangør: Etne- og Vindafjord kommune i samarbeid med Etne frivilligsentral og Nasjonalforeningen for folkehelse
Pårørandeskulens mål:
·Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdommar
- Gje pårørande metodar for kommunikasjon og samhandling med personer med demens
- Bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettar og aktuelle lover og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet
- Tilby støtte gjennom å møta andre pårørande som er i same situasjon
På pårørendeskulen vektlegg me tryggleik, og fortrulege opplysingar som kjem fram skal verta verande hjå deltakarane. Me legg til rette for avlasting på kurskveldar ved behov.
Kva er pårørandeskulen?
Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom. Personen med demens kan bu i eigen heim eller på institusjon. Ved faglege forelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens og innsikt i kva følgjer sjukdommen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrige familie. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.
Kva inneheld kurset?
Kurset er lagt opp over 4 samlingar med følgjande tema:
- Demenssjukdommane – sjukdomslære
- Kommunikasjon med personar med demens
- Pårørandes opplevingar, eigenomsorg og ventesorg
- Lovverket; rettar for personar med demens og deira pårørande
- Tenestetilbod i kommunane og velferdsteknologi
Hovudforelesarar:
- Lise Næss, spesialpsykolog
- Ove Kahs Wangsteen, advokat
- Nina Alvseike, geriatrisk sjukepleiar
- Anita Gravelsæter Melkeråen, sjukepleiar
- Andre
Praktiske opplysingar:
Stad: Etne omsorgssenter / dagsenter
Første kurssamling: 11.10.2023
Varigheit: I alt 4 samlingar på følgjande datoar
frå kl. 18.00 til 21.00
oktober | november | ||
11. | 18. | 25. | 1. |
Påmelding: f.o.m. 01.08.23 t.o.m. 13.09.23
Merk, begrensa plassar
Kursavgift: 400 kr. per deltakar (inkluderer kursmateriell og enkel servering)
For påmelding eller fleire opplysingar, kontakt:
Namn: Solveig Kvamme
Telefon: 902 38 354
E-post: Frivillig.etne@gmail.com