Fredag 14 Juni
Kl. 09:00 - 15:30, Odda
Sommerturen 2024
Tur til Kraftmuseet i Tyssedal og lunsj på Buer restaurant fredag 14.06.2024

SOMMARTUREN 2024

I år går turen først til eit besøk på Kraftmuseet i Tyssedal. Her vil me få ei omvising av guide, deretter blir me vist den historiske filmen om «Industrieventyret».

Deretter går turen til Buer restaurant.

Omkransa av dramatisk natur ved innfallsporten til Folgefonna nasjonalpark ligg Buer restaurant idyllisk til i eit fantastisk løebygg i Buerdalen. 

Bjørn og Elisabeth Buer laga til ein restaurant av verdsklasse kor ein får oppleva kulinariske rettar laga på lokale råvarer i sesong. Kokkane har erfaring frå Michelin-restaurantar i Bergen.

Bak dei solide treveggene i restauranten på Buer har det alltid vore hektisk aktivitet. Med sine unike smakar er Buer nå sett på kartet som ein attraktiv matdestinasjon.

Lunsjmeny:

Kvit fisk, ertepurè, sidersmørsaus og roastet småpoteter.

Dessert, bær og heimalaga is.

Pris pr. person kr. 500,-

Arrangement er med tilskot frå ordninga «den kulturelle spaserstokken»

Påmeldingsfrist: 31.05.2024

Fredag 14.06.2024 

Avreise fra Etne Frivilligsentral/Larsen Skånevik kl. 09:00

Tilbake til Etne Frivilligsentral/Larsen Skånevik kl.15:30

Bindande påmelding:

Solveig Tlf: 90 23 83 54

Mail: frivillig.etne@gmail.com


2024 © Etne frivilligsentral